Er dette kunst?

27.08.2022

Da eg tidleg på 80-talet var redaktør i avisa Stjørdalingen, hadde eg ofte kontakt med Jon Leirfall. Ein dag kom han innom redaksjonen med eit lesarbrev, der han stilte dette spørsmålet: Kan ein vedstabel vere eit kunstverk? Svaret til Leirfall var nei.

Eg kom til å tenke på dette innlegget, da eg for nokre dagar sidan var oppom Ergan for å sjå på kunstinstallasjonen «Stutt skog lengtar» av Lidvar B. Schultz. Verket består, som bildet viser, av 18 trekubbar.

Spørsmålet melder seg igjen: Er dette kunst? Det er veldig lett å svare nei. Men er det så enkelt?

Dei fleste er konservative når det gjeld kunst. Når dette synet på kunst blir utfordra, reagerer folk ofte med å dra ned rullegardina. Ja, mange blir provoserte og sinte. Paradoksalt nok er det da kunstnaren kan glise i skjegget. Eit vesentleg mål med kunst er jo nettopp å provososere og utfordre vanlege oppfatningar. Eller som Pablo Picasso sa det: «Meininga med kunst er å børste vekk dagliglivets støv frå sjela».

Kunstnaren har heilt sikkert ei meining med installasjonen på Ergan. Eg må konstatere at han også har klart å utløyse eit engasjement i meg. Beviset på det er denne artikkelen, som eg no har publisert på nett. Den einaste inspirasjonskjelda som fekk meg til å gripe til tastaturet, er dei oppstilte kubbane. Kunst, enten det er måleri, skulpturar, musikk eller andre uttrykksformer, gjer kanskje meir med oss en vi er klar over - også om vi ikkje likar det vi ser og høyrer? Ja, eg trur faktisk det.

Jon Leirfall ville aldri ha sett på «Stutt skog lengtar» som kunst. Derimot ville installasjonen heilt sikkert ha inspirert han til å fyre av ein sarkasme eller to. Leirfall dreiv ikkje med moderne kunst. Men ordkunsten beherska han betre enn dei aller fleste.