«Ingen av episodane har auka smittetrykket i Norge med så mykje som brøkdelen av ein prosent. Men det er ikkje poenget»

20.03.2021

Eg og min beste halvdel var eigentleg bedne i gebursdagsselskap i dag. Men så vart kaffelaget avlyst. Dei som sendte ut invitasjonen hadde funne ut at det vart for mange til bords.

I over eit år no har folk i bygd og by drive med slike avlysingar. Dei fleste er påpasselege med å overhalde smittevernreglane. Det er hovedgrunnen til vi i Norge har klart oss så bra gjennom pandemien.

Men så kjem det altså to glippar frå øvste politiske hald. Først Ap-toppane i nord sin fyllefest, som no er til vurdering hos statsadvokaten, og deretter bursdagsfeiringa til Erna Solberg på Geilo.

Ingen av episodane har auka smittetrykket i Norge med så mykje som brøkdelen av ein prosent. Men det er ikkje poenget. Blant utslitne og frustrerte nordmenn er signaleffekten av slik tankeløyse formidabel - uavhengig av kva det endelege resultatet av etterforskinga blir. Pandemien har vorte eit forstørringsglas, som ofte tek saker til heilt andre proporsjonar enn i normale tider. I sosiale media er det dei som har forlangt både riksrett og fengselsstraff for Erna Solberg.

Så må det leggast til at kommentariatet i Oslo heller ikkje har kvidd seg for å hisse opp stemninga. Den siste veka har det til tider gått over stokk og stein med skråsikker synsing og endelause gjentakingar av spørsmål og påstandar. Eg stussar over ein del redaksjonelle prioriteringar.

Det er menneskeleg å feile. Men i kritiske situasjonar gjeld ikkje denne regelen for personar i framskotne posisjonar. Ingen veit det betre enn Erna Solberg og Bjørnar Skjæran - eller for den del Jonas Gahr Støre, som reiste med t-banen utan munnbind. Dei har skaffa seg dyrekjøpt lærdom.

I eit flyktig nyheitsbilde er manns minne kort. Dei fleste riper i lakken forsvinn raskt. Om det blir langvarige skadeverknader for dei involverte denne gongen, gjenstår å sjå.

Men ein ting er heilt sikkert: Plutseleg er det andre som står med begge beina i salaten og krev full innsats frå rikssynsarar og kjepphøge programleiarar. Livet går vidare - på sitt rare vis.