Evigheitsmaskina frå Ålvundfjorden nominert til gjev pris

08.11.2022

For eit par veker sidan var eg og Mette guidar for ein busslast med flyktningar frå Ukraina. Dei bur på Sunndalsøra. Vi møtte dei på Atlanterhavsvegen, og sa farvel etter ein betre middag på Bryggjen i Bud.

Kven som var reiseleiar? Nils Ulvund, sjølvsagt. Eg tenkte det undervegs på turen: Du Nils, skulle ha hatt ein pris for innsatsen din. No er denne evigheitsmaskina frå Ålvundfjord nominert til Frivillighetsprisen 2022. 16. november er han invitert til gjestebod hos kronprinsparet på Skaugum. Om han får prisen under utdelinga 5. desember, gjenstår å sjå. Uansett er det ei stor anerkjenning å i det heile bli nominert.

Eg har kjent Nils i mange år. Vi har jobba i lag i samband med mange slags prosjekt. Det er aldri kjedeleg saman med denne mannen. Entusiasmen, iderikdommen og gjennomføringskrafta er så stor, at du må stå tidleg opp for å halde følge med han.

Nils var den som inspirerte meg til å skrive nynorsk - noko som eg eigentleg alltid har lika. Når eg fekk Nordmøre Mållag sin målpris for 2017, er det han eg skal takke aller mest.

Bror min Ole Magne, kultursjef i Sunndal, seier til avisa Driva:

- Nils er aktiv med mykje. Mange forbind han helst med mållaget, men Nils er meir enn det. Han er kulturminne og integrering, ein idemaker og god medspelar. Det er språkkafe, køyreopplæring, hjelp med søknadar og anna omsorg. Eg har opplevd han mange gonger i godt samarbeid med frivilligheita og det offentlege. Nils er lett å engasjere, og har gjennomføringskraft.

Presist oppsummert, vil eg meine.

Ifølge Driva er det kommunepolitikar Andreas Ulvund (KrF) frå Sunndal som spela inn Nils som kandidat. Studieforbundet Kultur og Tradisjon (SKT) står for den formelle nominasjonen. Forbundet grunngir nominasjonen slik:

«Vi har nominert Nils Ulvund til Frivillighetsprisen 2022, i selveste Frivillighetens år, fordi han viser et enestående engasjement og gjør en ekstraordinær innsats for inkludering og språkopplæring av nye innbyggere gjennom Sunndal mållag. Gjennom Nils sitt utrettelige inkluderingsarbeid blant flyktninger og innvandrere i kommunen, har laget blitt lagt merke til også langt utenfor Sunndal sine grenser. Vi er så heldige å få samarbeide med Nils gjennom den kursvirksomheten og opplæringen han jobber med i hjemkommunen, men vi drar også stor nytte av kunnskapen og erfaringene Nils har i flere nasjonale prosjekter der vi har kobla han på som ressursperson og inspirator, og som foredragsholder».

Som den ekte eldsjela Nils er, tar han ikkje av etter å ha blitt nominert til den store utmerkinga. Først og fremst håpar han på ein god middag på Skaugum, så får det andre bli som det blir. Eg, og mange med meg, ønsker oppriktig at du vinn prisen, gamle venn. Det hadde vore så fortent!