Fastetid, tradisjonar og merkedagar 

03.03.2022

Vi er inne i fastetida. Den katolske kyrkja praktiserer framleis faste i tråd med gamle tradisjonar. I protestantiske land betyr fastetida ikkje lenger så mykje.

Fastetida startar den sjuande veka før påske, og varer i førti dagar fram til påskelaurdag. Søndagar er ikkje rekna med. Denne tida er til minne om Jesus sine førti dagar i ørkenen. Inngangen til fastetida har gitt fleire dagar sitt spesielle namn. Enno lever desse namna i skrift og tale. Tida vil vise kor sterk overlevingsevna er.

Fastelavnssøndag: Fastelavn er eit ord avtysk opphav, og betyr «kvelden før fasten». Fastelavnssøndag har også vore kalla fleskesøndag, og var da ein dag for fråtsing.

Blåmåndag: Etter fastelavnssøndag kjem blåmåndag, tidlegare også omtala som fleskemåndag. Blåmåndagen var i middelalderen ein dag med redusert arbeidstid. Opphav til ordet kan vere at kyrkjene på denne dagen dekte til alteret med eit blått klede.

I vår tid har «blåmåndag» vorte synonymt med «dagen derpå», og dei plager ein slik dag kan føre med seg.

Feitetysdag: Dette er den siste dagen før fastetida tek til. Det var derfor viktig å fylle på med kraftig kost denne dagen. Vanleg middagsmat i min oppvekst på feitetysdag var kjøtt og påsse. Rømmegraut stod også på bordet i mange hus. I Hardanger er dagen kalla grauttysdag, nettopp på grunn av at rømmegraut stod på menyen.

Dagen er også kalla sjumålsdagen, da ein helst skulle ete sju måltid. Det vart brukt ein stav, sjumålsstaven, for å telje måltida.

Oskeonsdag: Denne dagen markerer starten på fastetida. Da tida for faste er bestemt av påska, som igjen er knytta til månefasane, kan tidspunktet for oskeonsdag variere frå 4. februar til 10. mars. I den katolske kyrkja innheld liturgien utdeling av oskekors. Oska kjem frå palmegreiner frå palmesøndagen året før, brent kort tid før oskeonsdag, gjerne saman med heilage oljar frå tidlegare år. Ein geistleg teiknar eit kors med oske blanda med litt vatn på panna til kvar enkelt av dei truande, mens han seier nokre ord som minner om at mennesket er dødeleg og/eller behovet for omvending. Det tradisjonelle formularet er «Kom ihug, menneske, at du er støv og igjen skal bli til støv; gjer bot slik at du kan ha evig liv».