Fem år sidan vi vart prisvinnarar

28.05.2021

På Facebook blir eg påmint om at det i dag, 28. mai, er fem år sidan eg, Torbjørn og Erling mottok Kleivaprisen for bøkene om Kvenndalen og Søyådalen.

Sjølv om heider og ære ikkje har vore drivkrafta vår i bokarbeidet, var det likevel stas å få denne påskjøninga. Litt stolte av å stå på den celebre lista over prisvinnarar meiner eg vi har grunn til å vere.

Bildet er frå overrekkinga på Kleivakvelden. Torbjørn held takketale. Eg og Erling vurderte det slik at det var minst sjanse for han skulle dumme seg ut. Derfor fekk Torbjørn oppgåva - som han sjølvsagt løyste på aller best vis.

No kan vi sjå tilbake på fem bøker. Neppe vil dei få ein brei plass i verdslitteraturen. Men forhåpentleg har vi sett eit lite lokalhistorisk fotefar etter oss, slik at komande generasjonar kan få lære om korleis det var på Eidet i det som etter kvart vil bli både dei gamle og dei eldgamle dagar.