Fellesstart skulle gje meir action. Det motsette skjedde

15.03.2021

«Nei, nå må du komme, Gjermund!». Med sitt nærast fortvilte utrop skapte kommentator Jarle Høysæter eit av dei mest ikoniske augeblikk i norsk langrenns- og TV-historie.

Vi snakkar sjølvsagt om femmila under VM i Oslo i 1966, der ein heil nasjon sat og stirra på ein furulegg i påvente av at Gjermund Eggen skulle dukke opp. Og Gjermund kom. Etter ein svært tung start på løpet fekk han etter kvart nye krefter, og gjekk i mål til sitt tredje VM-gull. Eggen slo finske Arto Tiainen med 10,4 sekund.

Vi som er litt nostalgisk konstruert, vil meine at dette var langrenn på sitt beste. Ja, i all si enkelheit var det også TV-produksjon frå øvste hylle. Kontrasten til dagens femmilsrenn er enorm.

I dag får vi sjå alt, heile tida. Intervallstarten er erstatta med fellesstart. Men har det vorte betre?

Eg er blant dei som meiner at fellesstart er heilt ueigna på femmil. Underhaldningsverdien av å sjå på ein skokk med karar som luntar rundt på eit jorde i to timar før det skjer noko som helst, er svært begrensa. Eg saknar den nerven som alltid vil ligge i eit distanserenn med intervallstart, med fokus på differansar, mellomtider og løparane sin beinharde kamp mot seg sjølve. Ventinga. Den sitrande spenninga. Alt er borte.

Da har eg mykje meir tru på fellesstart på dei kortare distansane, som gjev mindre tid til taktikkeri og lureløping i sakte kino. Her må løparane gje gass frå første stavtak, og fellesstart blir faktisk spennande.

Fellesstart skulle skape meir action og gjere langrennssporten attraktiv for amerikanarar og andre tungnemme som ikkje klarte å forstå at førstemann i mål ikkje nødvendigvis trong å vere vinnaren. Gevinsten har vore minimal. Interessa for langrenn internasjonalt er framleis dalande. Det må tydelegvis andre grep til for å unngå at langrenn i framtida blir ein idrett for spesielt interesserte i Norge, Sverige og Russland.

Også hardbarka langrennsentusiaster her heime begynner å få nok av fellesstartane. Eg siterer eit innlegg frå ein godt vaksen langrennsentusiast på Facebook i etterkant av femmila søndag 14. mars: «46 gørr kjedelige km. Om du er under 50 år og syntes dette var spennende bør du oppsøke fastlege snarest».

Eg har ikkje sjekka om folk har rent ned dørene hos fastlegane sine i dag. Men uansett: Femmil fellesstart bør avviklast!

Sjå den spennande innspurten til Gjermund Eggen her.