«Dette er ikkje dagen for å ønske seg tilbake til Fortuna og Sapporo 1972»

07.02.2022

Etter den skandaløse mix-konkurransen i normalbakken i Beijing, vil dei som meiner at regelverket i skihopp har vorte uforståeleg og altfor innvikla få vatn på mølla.

På ein svart dag for verdas flottaste sport, kan det vere greitt å påpeike at det som skjedde ikkje var eit resultat av feil med regelverket. Etter det vi så langt veit, vart kaoset utløyst av ein kontrollør som ifølge utøvarane gjennomførte sjekken på ein ny og uventa måte. Ho hevdar å ha alt sitt på det tørre. Dressane var for store. Hopparane forstår ikkje ein verdens ting.

Dresskontrollen avgjorde mykje av dagens renn. Da kan det vere verdt å minne om at vindforhold, vekt og skilengde, som det før ikkje fanst reglar for, på tilfeldig vis har avgjort langt fleire renn enn denne ulykksalege kontrolløren. Dette er ikkje dagen for å ønske seg tilbake til Fortuna og Sapporo 1972.

Men sjølvsagt må mix-fiaskoen resultere i ein skikkeleg oppvask. Kva skjedde? Korleis kan ein gardere seg mot liknande skandalar i framtida? Ein gjennomgang av regelverket vil heller ikkje skade. Er det rom for feiltolkningar? Kan ting gjerast enklare? Spørsmåla stå i kø.

To hoppkonkurransar står att i OL. På kort sikt handlar alt om å sikre at desse ikkje endar i parodi og skandale.