Fjellet som Thor Heyerdahl oversåg

02.12.2022

Thor Heyerdahl segla fleire gonger over Stillehavet på primitive flåter. Han ville bevise at folk frå ulike delar av kloden hadde kontakt med kvarandre også i eldgammal tid. Hadde Heyerdahl sett Jendemsfjellet, ville han kanskje ha lurt på korleis pyramidebyggarane i det gamle Egypt kom seg til Romsdal.

For nærare ein pyramide enn dette går det ikkje an å komme. No er vel sanninga at Heyerdahl ikkje ville ha lurt på noko som helst. Jendemsfjellet er, som alt anna landskap, forma av naturkreftene. Men tanken på at fjellet er bygd av egyptiske framandarbeidarar tykkjer eg likevel er så fascinerande, at vi ikkje heilt treng å kaste vrak på ein slik teori. Vitskapen har da bomma før...

Uansett: Jendemsfjellet er eit karakteristisk landemerke og eit flott turmål. Høgda over havet er ikkje meir enn 633 meter. Frå toppen kan ein likevel nyte ei fantastisk 360 graders utsikt.

Eg har vore oppe på Jendemsfjellet to gonger. Sjølv om det er ein del motbakkar som skal forserast, passar turen for folk i alle aldrar. Den som er rask til beins, når toppen i løpet av ein time. Med ein litt meir behageleg marsjfart, går det lett mellom halvannan og to timar. Men her er det jo opplevinga, og ikkje farten, som tel.

Eg anbefaler alle å ta turen til Hustadvika sin pyramide.

(Klikk på bilda under for å sjå dei i fullt format).