Det går feil veg på indre Nordmøre

10.04.2021

I ei utklippsbok frå tida mi i Romsdalsposten fann eit oversyn over folketalet i kommunane på Nordmøre per 1. januar 1979. Statistikken viser at i dei kommunane som i dag utgjer Nordmøre, har innbyggartalet i løpet av 42 år gått ned med 1.121.

For regionen totalt er talet kanskje ikkje så dramatisk. Men for indre Nordmøre ser vi ei svært negativ utvikling. Sidan 1. januar 1979 har Surnadal, Sunndal og Tingvoll mista 1.682 innbyggarar. Trenden for dei tre kommunane har vore konstant over mange år no, og kjem nok til å halde fram også i 2021.

Mest ille ute i denne samanstillinga er Smøla, som sidan 1979 har mista 30 prosent av innbyggarane. Også i Gjemnes er trenden negativ, og i Aure ligg folketalet i dag betrakteleg under summen av gamle Aure og Tustna.

Veksten på Nordmøre ligg i området Kristiansund/Averøy. Rett nok gjekk talet på innbyggarar i Kristiansund ned med 80 i siste kvartal i fjor. Men samanliknar vi med 1979, er folketalet i Kristiansund i dag 1.910 høgare enn i gamle Kristiansund og Frei til saman. Averøy veks, og det er nok berre eit tidsspørsmål før øykommunen er større enn Surnadal. I fjerde kvartal 2020 minka differansen mellom dei to kommunane med 68 innbyggarar. (Klikk på bildet ein eller to gongar for å forstørre).

Meir statistikk finn du her.