For ein jobb dei gjer!

26.02.2022

Krigen i Ukraina rullar over TV-skjermen. Time etter time. Dag etter dag.

Som gammal journalist er eg djupt imponert over den jobben som reporterane ute i felten gjer. Med kunnskap og mot dokumenterer dei det som skjer, slik at vi som sit i sofaen kan halde oss oppdaterte.

Laurdag morgon stod ei heilt ubeskytta Gro Holm og rapporterte direkte på NRK. Fleire gonger måtte ho avbryte for å sjekke kor flyduren og eksplosjonane rundt henne kom ifrå. Eg tenkte: At du tør!

Eit par timar seinare var ho tilbake på skjermen, iført hjelm og vest. Tilsynelatande litt tryggare, altså, men i realiteten like sårbar og utsett som før.

Gro Holm er ei av mange som strekker strikken langt for at eg og du skal vere informerte.

På sosale media finst det arenaer der hets og kritikk mot journalistar flyt fritt. Det er ikkje berre krigsherrar som er redde for sanninga, og som heller konstruerer si eiga verkelegheit. Mange held på med slikt i vår tid.

Når det hardnar til ser alle, som vil sjå, kor viktig det er med redaktørstyrte medier og journalistar med integritet.