Fotballfrelst og fødd på same dag

18.05.2021

To fotballtalent, som skulle kome til å gå to heilt ulike karrierevegar, har gebursdag 18. mai. I Wadowice i Polen såg Karol Józef Wojtyla dagens lys i 1920, medan Bent Skammelsrud kom til verda i Rakkestad i 1966.

Karol Józef Wojtyla var ein lovande keeper i oppveksten og ungdomstida. I 1978 vart han Pave Johannes Paul II.

Paven var svært fotballinteressert gjennom heile livet. Ei av hans mest kjente utsegner er at «av alt uviktig i verda, er fotball det viktigaste». Laget til paven i Polen var Cracovia Krakow. Så sterke var banda til dette laget, at han i 2005, ikkje lenge før han døydde same år, inviterte spelarar og trenarar til Vatikanet.

Pave Johannes Paul II var æresmedlem i Barcelona, og dessutan Liverpool-tilhengar. Også dagens Pave Frans frå Argentina er ein stor fotballentusiast. Han er medlem av den argentinske klubben San Lorenzo.

Bent Skammelsrud er ein av Norges beste fotballspelarar gjennom tidene. Han vann serien som Rosenborg-spelar i åra 1992-2002, og er den einaste nordmannen som har klart 11 meisterskap på rad. Skammelsrud fekk 38 landskampar, og var ein nøkkelspelar i Rosenborg sitt Champions League-eventyr.

Da Nils Arne Eggen ga seg som trenar etter 2002-sesongen tok Åge Hareide over. I eit slags forsøk på å fornye troppen parkerte han Skammelsrud, som ikkje fekk ny kontrakt. På denne måten sette Hareide, heilt tydeleg mot Skammelsrud sin vilje, punktum for ein lysande karriere. Den utruleg sympatiske Bent Skammelsrud hadde etter mi meining fortent betre.