Gamle damer forstår seg ikkje på spydkast

02.09.2021

Enkelte idrettsprestasjonar festar seg sterkare i minnet enn andre. Eg var ikkje meir enn åtte år da Terje Pedersen sette sin legendariske verdsrekord i spyd 2. august 1964, men hugsar storhendinga veldig godt. Kastet var på ufattelege 91,72 meter, og var det første i historia over 90 meter. Pedersen sette også verdsrekord to månadar tidlegare med eit kast på 87,12 meter.

Den sportsinteresserte åtteåringen var altså djupt imponert over rekorden, og hadde eit stort behov for å fortelje om storhendinga til andre. Tilfeldigvis vart dei to første som eg orienterte om rekordkastet mormor mi Berta og venninna hennar, Else Ellevset, som var på besøk. Eg la ut om sensasjonen, men forstod lite da dei berre viste få teikn til begeistring og innleving...

Eg konkluderte med at gamle damer - mormor mi var da 56 år gammal - ikkje forstod seg på spydkast.