Giddelause latsabbar

15.11.2022

Heilt sidan 2001 har Farmen rulla over norske TV-skjermar. Eg er blant dei mange som har funne det underhaldande å følge med på serien. Av og til er det greitt å koble av med noko som ikkje er så gravalvorleg. Krig og krise får vi jo nok av, uansett.

Sidan eg også denne hausten har sett på Farmen, må eg vel få med meg finalen. Men når det er sagt: Bortsett frå nokre få unntak, er det ingen av dei som har vore på Li gard i år som fortener å vinne. For ein tragisk gjeng med verkelegheitsfjerne drittungar! Giddelause latsabbar, rett og slett. Som ein skreiv på Facebook her om dagen: Premien i år burde ha vore gapahuk og olabil. Vi har sett den svakaste sesongen i Farmen-historia. Ingen tvil.

Farmen er i utgangspunktet eit fengande nok konsept. 12-14 menneske skal bu på ein gard utan hjelpemidlar, slik det var for hundre år sidan. Ein grunnleggande føresetnad for at desse personane skal klare seg, er at dei samarbeider. Det har vi sett lite av i år. I staden har det vore mykje dagdriveri og sabotasje. Dette bryt med ideen som programmet bygger på. Mykje av underhaldningsverdien ligg i å sjå kva deltakarane greier å skape saman, ikkje kor mykje dei klarar å øydelegge for kvarandre.

Kanskje må det nye reglar inn? Eit forslag: Innfør ein regel som seier at to underkjente vekesoppdrag på rad fører til at ein deltakar blir kasta ut. Det ville ha gitt programmet ein ny nerve, og forpaktarane hadde fått rauva i gir.

Skal TV2 fortsette med Farmen, må dei sørge for at det er nok vaksne til stades på garden. Barnehageungar som ligg og rullar seg i kvar si seng dagen lang, er ikkje så veldig interessant å sjå på.