Gitaristen med den magiske teknikken

20.06.2021

Amerikanske countryartistar var ei tid svært populære her til lands. Mellom desse var gitaristen Chet Atkins.

Atkins var født i 1924, og ville 20. juni 2021 ha fylt 97 år. Den berømte gitaristen gjekk bort i 2001.

Chet Atkins hadde ein teknikk utanom det vanlege. Særleg fingerspelet vekte oppsikt. Gitaristar verda over har latt seg inspirere av dette. I eit intervju med NRK fortalde Øystein Sunde at konserten i Njårdhallen i 1964, der Atkins deltok saman med m.a. Jim Reeves, gjorde eit uutsletteleg inntrykk.

- Det var ei sterk oppleving å sjå Chet Atkins på fjernsynet. Fram til da hadde eg brukt vanleg plekter og spelt flakka-flakka-gitar. Men da gjekk eg over til fingerspel, fortel Sunde, som i 1971 fekk møte Chet Atkins ansikt til ansikt i Nashville.

Chet Atkins sine mest selde album er ifølge Store norske leksikon Teensville 1960; Chet Atkins' Workshop og Christmas With Chet Atkins frå 1961; Guitar Country frå 1964; More Of That Guitar Country frå 1965 og Chet Atkins Picks On The Beatles frå 1966. Atkins sine største countryhits er Mister Sandman og Silver Bell (saman med Hank Snow) frå 1954, Yakety Axe frå 1965 og Prissy frå 1966.

Her kan du høyre og sjå Chet Atkins spele ti av sine mest minnerike songar.