Gode dagar i dårleg ver - og no kjem hausten

02.09.2021

Vi er tilbake i sivilisasjonen etter ei halv veke på Tæla. Veret var ikkje det beste. Fleire av dei kente og kjære fjelltoppane som vi brukar å kvile blikket på, såg vi ikkje så lenge vi var der.

Men eg og Mette er lite opptekne av veret. Har vi bestemt oss for hyttetur, så blir det hyttetur - uansett ver. Det skal også veldig mykje til før vi avbryt eit hytteopphald på grunn av veret. Det har knapt skjedd. Kanskje blir det litt annleis no når vi begge er pensjonistar og står langt friare til å disponere tida enn før. Men eg trur ikkje forandringa blir stor.

Fordi: Vi er ikkje avhengige av sol frå skyfri himmel for å trivast på hytta. I Tælastuå er det godt å vere, også når regnet silar ned frå lågt skydekke eller snøstormen uler rundt novene.

Elles gjer hausten sitt innntog i fjellet no. Haustfargane kjem for fullt, og når veret blir så bistert som det var denne veka, merkar ein tydeleg at ei anna årstid er i emning. Men hausten har verkeleg sin sjarm, den også. Eg brukar å seie at aldri er det så fint på Tæla som rundt 20. september. Godversdagar rundt denne datoen byr på storveges naturopplevingar.

For fire år sidan på denne dagen, laurdag 2. september 2017, var eg på tur til eit av mine absolutte favorittfjell, Storfjellet. Sola skein over tæl og tind. Eg fekk ein uforgløymeleg dag.

Som ei påminning om at vi framleis har mange fine dagar å sjå fram til før vinteren melder seg på, legg eg til ein liten bildeserie frå turen.