Gode ord, gåver og ei stor overrasking til Mette

11.09.2021

Sjef for Bud og Hustad Forsikring, Ole Morten Sørvik, sørga for at Mette vart takka av etter 40 år i selskapet på ein fantastisk flott måte. Fredag kveld var alle tilsette med følge samla til fest i Kristiansund.

På den originale restauranten Jullum6 venta ein sju retters middag av det himmelske slaget. Her var det også taler og gåveoverrekkingar.

Fri for overraskingar var festen heller ikkje. Etter at vi hadde sett oss til bords, dukka plutseleg Jorunn og Marit opp for å delta på mamma sin kveld. Ikkje eit ord hadde lekka ut på førehand! Her hadde Ole Morten gjort eit grundig forarbeid. For hovudpersonen sjølv, Mette, vart nok dette den aller største rosinen pølsa.

Ein verkeleg flott kveld, som sette eit verdig punktum for Mette sin lange yrkeskarriere.