Grått og vått ved solsnu

21.06.2022

Sola snur og regnet auser ned. Kor blir det av sommaren?

I år er det sommarsolkverv 21. juni. Kva betyr eigentleg uttrykket? Vi siterer Store norske leksikon: Sommersolverv er tidspunktet når jorden er i det punktet av banen, der den nordlige halvkule heller sterkest mot sola. Når sola står i sør midt på dagen har den sin største høyde over horisonten i året, og det er den dagen som har størst daglengde. Ved Krepsens vendekrets når sola opp til senit midt på dagen på dette tidspunktet. I det 21. århundre faller sommersolverv på 20. eller 21. juni norsk tid. I perioden 2016-2043 faller sommersolverv vekselvis ett år på 20. juni og tre år på 21. juni.

Vi seier at «sola snur». Det er eigentleg heilt absurd. Men samtidig er det jo noko som snur på denne tida. Frå no av blir dagane kortare. Snart er kveldane atter mørke.

Denne dagen er, naturleg nok, merka med ei sol på primstaven.

Men tilbake til spørsmålet eg stilte i starten. Kor blir det av sommaren? Her ute i Bud har vi sett snurten av han i nokre korte glimt. I sum har våren og sommaren så langt likevel vore miserable greier med tanke på veret.

Vi passerer midtsommar. Men den beste delen av sommaren står framleis att. I alle fall i teorien.

Det går seg vel til. Kanskje.