Gratulerer til ein favoritt

23.08.2022

Gitaristen og komponisten Terje Rypdal fyller 75 år 23. august. Han er ein av mine store musikalske favorittar. Eg har møtt han ein gong. Det hugsar nok eg langt betre enn han. Jubilanten er busett i Tresfjord, der slektsnamnet hans kjem frå.

Terje Rypdal starta karrieren sin i bandet Vanguards så tidleg som i 1961. Vanguards hadde to store hits, som ein del sikkert vil hugse, Mot ukjent sted og Lykkeveien, begge utgitt i 1966.

Seinare tok Terje Rypdal steget over i jazzverda, og gjorde stor internasjonal suksess. I 1975 vart han kåra til årets jazzgitarist av European Jazz Federation. Jubilanten har gitt ut ei enorm mengde med plater, der han samarbeider med både norske musikarar og internasjonale stjerner.

Som komponist har Terje Rypdal gjort seg bemerka med å skrive verk der han hentar element frå fleire ulike sjangrar. Ved sida av jazzen, har han komponert fem symfoniar, ein opera, komposisjonar for kammerensemble og ei rekke bestillingsverk - for å nemne noko.

Mitt møte med Terje Rypdal skjedde etter ein konsert på Tingvoll for rundt femti år sidan. Eg skal ikkje skryte på meg nokon lang samtale. Men i alle fall fekk eg og nokre kameratar bære instrumtent og utstyr ut i bilen etter konserten, og vi prata litt med musikarane. Stort for ein 16-åring, for å seie det slik.

Gratulerer med dagen!