Han lærte meg å like saksofon

24.03.2021

Dei beste saksofonistane har ein tone i instrumentet som gjer dei lett gjenkjennelege. Jan Garabarek er ein av desse, For meg er Dick Heckstall-Smith (1934-2004) ein annan.

I mi musikalske oppvakningstid handla det meste om gitar, orgel, bass, trommer og vokal. Da eg, inspirert av nokre gymnaskompisar, begynte å lytte til Colosseum tidleg på 70-talet, vart eg kjent med Dick Heckstall-Smith. I gruppa sin særeigne blanding av rock, blues og jazz var saksofonen eit viktig element. Eg vart veldig fascinert over spelinga til Heckstall-Smith - og er det den dag i dag.

Dick Heckstall-Smith hadde ein lang karriere som saksofonist. Allereie seint på 50-talet var han ein del av jazzmiljøet i London. Her spelte han saman med musikarar som Ginger Baker, Jack Bruce og John Mayall, før han i 1968 vart med i det nystarta Colosseum. Colosseum braut opp i 1971, men kom saman igjen i 1994. Forutan nokre samleplater, ga gruppa i tidsrommet 1969-2007 ut ni album. Heckstall-Smith var med på alle, unntatt det siste.

Ved sida platene med Colosseum ga Heckstall-Smith ut tolv soloplater i tidsrommet 1970-2001.

For meg vart Dick Heckstall-Smith ein døropnar til musikalske rom som ofte låg fjernt frå den klassiske 70-talsrocken. Han var ein unik instrumentalist, som til tider også kunne finne på å spele på to saksofonar samtidig. Ja, han var verkeleg ein av dei lett gjenkjennelege.

Lytt til Colosseum: Tanglewood '63 (live)