Heider til gamle fotballheltar

03.03.2022

Ein 40 år gammal reportasje i Tidens Krav vil vekke mange minne for surnadalingar som har følgt med på lokalfotballen ei stund.

Onsdag 3. mars 1982 har avisa bilde og omtale frå helgas fotballfest, der Surnadal IL feira seriemeisterskapet i 1981. Ei rekke spelarar og tillitsvalde vart i tillegg heidra for lang og tru teneste i klubben.

To gullplakettar vart utdelt. Keeper Odd Magnar Møkkelgjerd fekk plakett for å ha passert 300 kampar, og Odd Enge for femten års innsats som dommar.

Desse fekk bronseplakett for minst hundre spelte kampar: Gjermund Grimsmo, Arild Sjøflot, Kjell Smenes, Holger Skei, Geir Petter Garte og Anders Fiske.

Sølvplakett for minst to hundre kampar vart tildelt Magnor Garte, Kjell Andreassen, Svein Forberg, Anders Sæter og Finn Heggset.

Oppmann Petter Mogstad og trenar Kjell Smenes fekk takk for god innsats. Lisa Sæter vart heidra for innsatsen sin i samband med klubben sitt store billotteri sommaren 1981.