Helgetankar i skuggen av krig og korona

18.03.2022

Vi tek helg i ei absurd tid. I formiddag såg eg litt på debatten i Stortinget, der eg høyrde politikarane snakka om ei rask opprusting av Forsvaret.

Positiv test. Berre negativt.
Positiv test. Berre negativt.

Forsvarsdebattar er ikkje uvanleg. Det uvanlege, og skremande, er at det no eksisterer det ei reell frykt for at Russland sitt overfall på Ukraina skal eskalere til ein større krig på europeisk jord. Derfor skal Norge bruke fleire milliardar på å styrke Forsvaret. Det er eit nytt og framandt utgangspunkt.

Eg orkar ikkje å tenke tanken på konsekvensane om Russland verkeleg greier å utløyse ein ny storkrig. Veldig sannsynleg er det vel heller ikkje. Men Vladimir Putin har i løpet av nokre få veker skapt ein situasjon som gjer at mange føler seg utrygge. Det er gale nok. Og ut frå all sunn fornuft heilt unødvendig. Sjølv i 2022 kan ein enkelt galning destabilisere verda. Det er eit tankekors. Fred er eit skjørt byggverk.

Dette vesenet som heiter Homo sapiens har visstnok brukt rundt 200.000 år på å kome opp på dagens fysiske og intellektuelle nivå. Ein skulle kanskje tru at alle desse åra var nok til å forme ein art som utelukkande ville både kvarandre og den dyrebare kloden vel. Men så langt har vi ikkje kome. Mennesket ber ufatteleg mykje vondskap i seg. Psykoanalytikaren Eric Fromm seier det slik: «Menneskets hjerne lever i det 21. århundre, mens de fleste menneskers hjerter fremdeles lever i stenalderen».

Ja, det er mykje ein kan filosofere over på ein fredag, i skuggen av ein meingslaus og brutal krig. Vi i Robinsonmarka har tenkt å gjere det beste ut av helga. Mette slår til med pinnekjøtt i kveld. Det er noko å gle seg til. Elles er ho på oppløpssida av sin runde med korona. Eg testa positivt i dag.

Ja, slik går nu dagan. Opp gjennom åra har denne helga i mars ofte markert sesongstart på Tæla. No må hyttelivet vente ei stund til. Det er ikkje anna råd.

Eg avsluttar med ei håpefull strofe frå Nordahl Grieg sitt dikt «Til ungdommen» inn i helga. Nordahl Grieg var journalist, lyrikar, forfattar, dramatikar og politisk aktivist. Han vart skoten ned over Berlin i 1943.

Skaper vi menneskeverd,
skaper vi fred.
Den som med høire arm
bærer en byrde,
dyr og umistelig,
kan ikke myrde.

Så enkel ei oppskrift. Men likevel så langt unna realitetane i 2022.