Tjue år sidan glas og omn fór til vers

25.06.2021

Tida går fort. Eg er inne i min 30. sesong som hytteeigar på Tæla. Stølen ligg ikkje lettvint til når noko tungt skal fraktast opp. Tre gonger har vi derfor brukt heltikopter til transport av større ting.

Timeprisen for eit helikopter kan i utgangspunktet verke høg. Men er du fleksibel og godt førebudd, og har avtale om at helikopteret tek oppdraget når det likevel fer forbi, blir dette faktisk nokså rimeleg. Et par-tre hiv tek ikkje meir enn sju-åtte timinutt.

Desse bilda er frå helikoptertransporten i juni 2001. Hytta skulle m.a. få nye glas og ny omn. Utstyret vart ordna til på Vollen utafor Gjeret, og som alltid var Gunnar primus motor. Da helikopteret kom, tok det ikkje lang tid før alt låg klart til utpakking utafor hytta.

Eg har bore opp nokre tonn med proviant og utstyr i sekken opp gjennom åra. Men helikopteret er det ingenting som slår! (Klikk på bilda for å forstørre).