Komponist, musikar, professor og surnadalsambassadør: Henning Sommerro 70 år

03.05.2022

59 år har gått sidan Henning Sommerro scenedebuterte med gruppa The Tramps. 3. mai 2022 fyller han 70 år. Det har vore ei musikalsk reise, som er mykje meir omfattande enn kva folk flest kanskje er klar over.

Songen Vårsøg og Henning er uløyseleg knytte saman. Kanskje litt for sterkt, går det an å seie. Det finst framleis dei som trur at Henning er ein visesongar, som har hatt suksess med ein einaste låt. Det er sjølvsagt så langt frå sanninga som det er mogleg å komme.

Gjennom karrieren har Henning komponert og gitt ut musikk over eit utruleg vidt spekter. Han har m.a. skrive musikk til over 140 scene- og filmproduksjonar. Av desse kan nemnast filmen Kjærleikens ferjereiser, musicalen An-Magritt - denne vart nominert til Nordisk råds musikkpris 2008, filmen Landstrykere, Steinvikholmen-operaen Olav Engelbrektsson, operaen Eystein av Nidaros, operaen Querini på Røst, Partisan Requiem og gammeldansmessa Vindens hjul (1994).

Henning har tonesett mange dikt av Hans Hyldbakk og salmar av Edvard Hoem. For min del veit eg knapt om sterkare melodi enn den han har laga til Hoem sin salme Den fattige Gud. Gripande tonekunst!

Gruppa Vårsøg spela inn to album som trio, Vårsøg (1977) og Sola e komma (1978). I tillegg laga dei Av moll er du komen - til dur skal du bli saman med SKRUK (1978). I 1980 kom plata Vårsøgs utvalgte ut.

Men på tross av alt som er nemnt ovanfor; framleis snakkar vi berre om eit utval av det Henning har produsert av musikk opp gjennom åra. Han har gitt ut rundt 30 plater, og medverkar på bortimot 220 andre utgjevingar. Jubilanten har også mottatt ei lang rekke prisar. På lista finn vi m.a. tre Spellemannprisar - den eine saman med Vårsøg. I 2013 vart den smålåtne og beskjedne surnadalingen utnemnt til kommandør av St. Olavs orden. Det handlar om eit livsverk. Eit usedvanleg stort og ruvande livsverk, til og med.

I ein samanheng som dette må Henning si rolle som inspirator nemnast. Den kan ikkje overvurderast. Mange surnadalingar har etter kvart kome etter han og gjort musikalske karrierar. Snakkar du med desse, trekker dei fram Henning som døropnar og vegvisar. Han viste at alt er mogleg.

«Det handlar om eit livsverk. Eit usedvanleg stort og ruvande livsverk, til og med»

Eg har lest om litteraturekspertar som meiner at dersom Hans Hyldbakk hadde reist til Oslo og satsa på skrivinga i unge år, i staden for å bli heime i Surnadal, ville han i dag ha vore nemnt i same andredrag som Jakob Sande. Slik ambisjonar hadde ikkje Hyldbakk. Når han på sine eldre dagar likevel vart ein landskjent diktar, er også det Henning si forteneste. Fleire av dikta som Henning sette melodi til, mellom desse Vårsøg og E slåttatæja, har vorte folkeeige.

Som 70-åring er Henning framleis i full sving som musikar, komponist og professor. I fjor haust trefte eg han i Lom. Ærendet var ein Tor Jonsson-konsert saman med cellisten Marit Aspås frå Osmarka. Morgonen etter starta han køyreturen til Prøysenhuset, der konsert saman med Ove Røsbak og Ane Eikemo Røsbak stod på programmet. Alder er berre eit tal.

Eg er sikker på at Henning vil gå over i historia som ein av etterkrigstida sine fremste musikkprofilar her i landet.

Under den tilstundande Vårsøghelga i Surnadal, der Henning er kunstnerisk leiar, vil 70-årsjubileet bli markert på storveges vis. Det er verkeleg på sin plass. Bygda har mykje å takke Henning, som aldri har gløymt kvar han kjem ifrå, for. Han er i særklasse den fremste ambassadøren Surnadal kommune nokon gong har fostra.

Gratulerer med jubileet!