Her kan du teste VM-kunnskapane dine

20.03.2021

Vi er inne i ein hektisk VM-periode for vinteridretten. Kor mykje kan du om VM-historia i nordiske greiner? Her er ein uhøgtideleg quiz, der du kan teste deg sjølv. Om du vil gjere det lettvint, er det berre å google i veg. Dei fleste svara kan du finne på den måten. Men da er vel kanskje det meste av tidtrøyta borte? Fasiten blir også publisert på denne sida om nokre dagar. Lukke til!

1. Kvar vart det første VM etter krigen arrangert?
Svar: Lake Placid.
2. Når vart det første meisterskapet etter overgangen frå fjerdekvart til annakvart år arrangert?
Svar: 1985.
3. Kven var arrangørby dette året?
Svar: Seefeld.
4. Kor mange gongar har Oslo vore VM-arrangør etter krigen?
Svar: 3.
5. Ein japansk by har vore både OL- og VM-arrangør. Kva er namnet på byen?
Svar: Sapporo.
6. Magne Myrmo vart den siste verdsmeister på treski. Hva heiter arenaen der han gjekk i mål?
Svar: Lugnet.
7. Når vart laghopp innført som VM-øving?
Svar: 1982.
8. Dei norske stafettdamene tok ei sensasjonell medalje under VM i Oslo i 1966. Kva var valøren?
Svar: Sølv.
9. Kor mange VM-gull tok kombinertløparen Fred Børre Lundberg?
Svar: 2.
10. I kva øving tok Harald Grønningen sitt einaste VM-gull?
Svar: Stafett.
11. I kva VM vart Gundermetoden innført i individuelle konkurransar?
Svar: 1985.
12. Eit av meisterskapa i Lahti vart ein stor dopingskandale for vertslandet. Kva år var det?
2001.
13. Kvifor deltok ikkje Torgeir Brandtzæg i ski-VM i 1966?
Svar: Han hadde lagt opp, etter ein stygg skade året før.
14. På 50 km under VM i Trondheim i 1997 tapte Erling Jevne gullet til ein finsk løpar, som seinare vart tatt for doping. Hva var namnet på denne løparen?
Svar: Mika Myllylä
15. Kven tok det første norske individuelle VM-gullet i damelangrenn?
Svar: Berit Aunli.
16. Kva år vart Arild Monsen frå Molde verdsmeister i stafett?
Svar: 1985.
17. Kor mange individuelle VM-gull har Oddvar Brå?
Svar: 1.
18. Ein bakar var verdsmeister i kombinert i 1962. Kva var namnet?
Svar: Arne Larsen.
19. I 1954 vart ein rindaling nummer 5 på 50 km i VM. Kva var namnet?
Svar: Edvin Landsem.
20. Kva heiter den norske kombinertløparen som i VM i 1999 og 2001 til saman tok tre gull?
Svar: Bjarte Engen Vik.
21. I kva år vann Marit Bjørgen sitt første VM-gull?
Svar: 2003.
22. Kven vann hopprennet i normalbakken i 2013?
Svar: Anders Bardal.
23. Kven tok det første VM-gullet på 15 km langrenn på glasfiberski?
Svar: Jozsef Luszczek, Polen
24. Kven er den siste norske skihopparen som har tatt både VM- og OL-gull?
Svar: Espen Bredesen.
25. I kva år tok Bjørn Dæhlie sitt første VM-gull?
1991.

Nøtter:

1. Kva heitte nordmannen som vart nummer 15 i normalbakken i 1966?
Svar: Ronald Jensen.
2. I 1991 deltok eit svensk brødrepar i hopp. Kva het dei?
Svar: Per-Inge og Staffan Tällberg.
3. Personen på bildet gjekk ein distanse under VM i Oslo i 1966. Kven er dette?
Svar: Jo Eggen.