Historia gjentar seg

29.04.2022

I meir en to månader har tragedien i Ukraina rulla over TV-skjermane våre. Vi ser menneskeleg liding og materielle øydelggingar i eit ufatteleg omfang.

For 82 år sidan sprang folk i Møre og Romsdal for livet for å kome unna tyskarane sine bomber. Frå 24. april og fram mot mai vart Molde, Kristiansund, Åndalsnes og ei rekke andre mindre stader utsett for tysk bomberegn. Da bombinga var over, låg Molde, Kristiansund og Åndalsnes att som ruinhaugar. I Molde braut det også ut ein stor bybrann 29. april.

I 1940 var det nazi-Tyskland, styrt av tyrannen Adolf Hitler, som terroriserte ei heil verd. I 2022 er det ein galning i Moskva som truar freden. Vladimir Putin har mykje til felles med Hitler.

Vi ser at historia gjentar seg. Diktatorar som sit for lenge ved makta og tek seg til rette blir etter kvart livsfarlege.

I 1945 jaga Sovjet tyskarane ut av Nord-Norge. 77 år seinare viser Russland eit heilt anna ansikt. Vi lever i ei utriveleg tid.