Skihopparane som forsvann

13.01.2022

For oss som meiner at skihopping er idretten over alle andre idrettar, er det vemodig å sjå kor få som eigentleg driv med denne sporten her i landet. Når hopparane Johann Andre Forfang og Daniel-Andre Tande i ein barnsleg podcast raljerer over langrenn som ein miniidrett, sit dei definitivt i glashus.

I 2020 var det berre 315 gutar og jenter som løyste lisens for å delta i hopp eller kombinert i Norge. Samanlikna med hoppsporten sine historiske tal og i høve til kor mange som driv med andre idrettar, er ikkje dette mykje å skryte av.

Men om hoppsporten har utvikla seg til å bli ein liten idrett i Norge, ragar den likevel over alle andre. Som eg brukar å seie: Det finst berre tre idrettar - skihopping, skihopping og skihopping. All anna idrett er eit aktivitetstilbod for folk som ikkje har mot til å bli skihopparar.

Men i eit vidare perspektiv ser det ikkje så verst ut. Internasjonalt kan eg ikkje hugse at breidda i toppen har vore så stor som no. På herresida er det i dag minst tjue utøvarar som er gode nok til å vinne eit verdscuprenn. Knappast skiskyting kan vise til noko liknande.

I 1983 vart det innført obligatorisk lisens for alle som over 13 år som ville delta i skirenn. Ifølge ein oversikt i Aftenposten, vart det den første sesongen løyst 2.443 lisensar i hopp og kombinert. Toppen vart nådd i 1987 med 3.122. Frå det året går kurven bratt nedover, til 315 i fjor.

Til samanlikning hadde eitt av renna i Skeidbakken i 1931 619 deltakarar.

Det ligg mange årsakar til utviklinga i norsk hoppsport. Fleire fritidstilbod for barn og unge, utstyrsspesialisering, mangel på bakkar og milde vintrar har heilt sikkert spela inn. I ein kronikk i Aftenposten 2. mars i fjor hevda Stein Erik Kirkebøen, som kallar seg «gateentusiast», at nedturen starta 6. mars 1960. Da vart Bækkelagsrennet, med sine 1500 deltakarar det største rennet i Norge, arrangert. Under rennet braut stillaset i den mellomste bakken saman. 16 gutar, alle med ski på beina, gjekk i bakken etter eit fall på sju-åtte meter. Gutane vart skadde, to av dei ekstra hardt kvesta, og måtte til sjukehus. Sjølv om ulykka var dramatisk nok, kunne det lett ha gått enda mykje verre.

Etter ulykka fekk bakkeeigarar landet over kalde føter. Det viste seg landet var fullt av vaklevorne stillas, som no måtte rivast. Av kronikken går det fram at Oslo kommune reiv 80 prosent av sine bakkar. Berre eit fåtal av bakkane, både i Oslo og elles i landet, vart bygde opp igjen.

Hoppsporten i Norge er i dag konsentrert rundt nokre få miljø. Skal du bli ein god skihoppar, må du flytte enten til Oslo, Lillehammer eller Trondheim etter ungdomsskulen. Før i tida var sporten spreidd over heile landet. Ein oversikt i Tidens Krav frå 12. januar 1957, fortel at i perioden 19. januar - 31. mars dette året vart det avvikla hopprenn absolutt kvar helg på Nordmøre. Vi kan telje i alt 20 arrangement.

Oversikta viser eit utval av dei mange bakkane som var i drift på Nordmøre på slutten av 50-talet. Det mangla heller ikkje på hoppdommarar. Her er det mange kjente namn.

Ja, det var tider...