Hugsar du denne brua?

16.04.2021

Like før påske for 13 år sidan vart denne provisoriske brua bygd ved Hyllbakkan i Kvenndalen, etter at isen tok gangbrua tidlegare på vinteren.

Veritas var aldri på befaring, og kanskje var det like greit. Men for oss hytteeigarar på Tæla, og alle andre som bruka dette terrenget, var brua til stor glede og uvurderleg nytte. Eg meiner å hugse at brubyggarane var John Arve Haugen, Jostein Hausberg og Lars Gudmund Røen.

Dei var akkurat ferdig med arbeidet da vi skulle gå opp på Tæla for å feire påske. John Arve hadde eit godt råd å kome med: - Pass på at de ikkje har snøklumpar under skoa når de går over.

Det var eit råd som eg merka meg og passa på at andre som eg gjekk i lag med etterlevde, både da og seinare.

Byggverket var solid, og stod heilt til seinhausten 2009. Da kom ny og permant bru på plass etter stor innsats av m.a. Endre Ellevset og Ole Johan Kvendbø.