Hybelbuar for første gong – og mange minne frå ei fin tid

15.08.2022

I desse dagar er det femti år sidan eg begynte som elev ved Tingvol gymnas. I 1972 var eg ikkje meir enn 16 år. På den tida måtte dei som ville fortsette skulegangen etter ungdomsskulen ut av bygda. Utanom folkehøgskulen, fanst det ikkje tilbod i Surnadal.

Tingvoll gymnas var i 1972 ein stor skule. Her var det elevar frå Rindal i nord til Vanylven i sør. Eg skal ikkje påstå at gymnaset på Tingvoll hadde elevar frå kvar einaste kommune i Møre og Romsdal. Men det kunne ikkje vere langt unna.

Å bli hybelbuar som 16-åring var ein stor overgang. Men for eigen del lika eg det nye tilværet godt frå første dag. Eg budde dei to første åra hos Johanne og Harald Rolland på Saghøgda. Dei tok seg godt av meg. Johanne vaska hybelen min kvar veke. Hadde eg lyst til å sjå TV, var det berre å kome ned i stua. Leiga var 80 kroner pr. månad. Siste året losjerte eg på Stykket hos Ellen Rimstad. Ho var og ei utruleg triveleg hybelvertinne, som sørga for reinhald og orden i residensen.

Omsorg for hybelbuarane var i det heile svært vanleg på Tingvoll. Skuleelevane budde på loft og i kjellarstuer hos private. Mange av elevane hadde så lang reiseavstand at dei var heime berre nokre få helger i året. Det var ikkje uvanleg at desse nesten vart som familiemedlemmar å rekne.

Elevmassen var så stor, at det var ikkje husrom til alle i Tingvoll sentrum. Før hybelhuset kom på slutten av gymnastida mi, budde det elevar på hybel rundt om i heile Straumsneset, i Torjulvågen, på Vågbø, Meisingset og Skar. Ikkje anna enn eg hugsar, heldt eit par moldegutar til på eit loft inne i Sandneset, som er den siste garden før grensa til Sunndal.

Tidleg på 70-talet var gymnaset på Tingvoll prega av eit rikt organisasjonsliv. Ikkje minst var dei politiske ungdomspartia aktive, med SUF (frå 1973 Raud Ungdom) som mest dominerande. Mange var dei som gjennomførte gymnaset i blind tru på at Mao var verdas redningsmann.

Det var mykje å vere med på. Med jamne mellomrom fekk gymnaset besøk av kjente artistar. Dette var store høgdepunkt. Eg hugsar Aunt Mary, Popol Ace, Prudence, Ruphus, Georg Keller, Terje Rypdal, Ole Paus, Ketil Bjørnstad og mange fleire. Aunt Mary spela for øvrig så høgt, at folk som gjekk kveldstur på andre sida av Tingvollvågen meinte at dei kunne høyre teksten. Vi som var på konserten, vandra heim med øyresus og skolten full av høgfrekvente pipetonar.

Når ein i dag høyrer korleis skuleelevar strir med skyhøg husleige og veksande kostnadsnivå, står dette i sterk kontrast til det ein gymnasiast på Tingvoll opplevde for femti år sidan. Månedsleiga for hybelen var altså 80 kroner, som i dag tilsvarar om lag 670 kroner. Ein middag på Vidsyn kafeteria kosta 6-7 kroner. Ville ein flotte seg litt, gjekk turen til Sortdal hotell. Der kosta middagen ni kroner. I ungdomshuset Høglia, som seinare brann ned, var det kino onsdag og søndag. I alle fall onsdagane var det to forestillingar. Billettprisen var to kroner på den første forestillinga og tre kroner på den andre.

Åra på Tingvoll var ei fin tid. Den boklege lærdommen var sjølvsagt viktigast. Samtidig måtte vi lære oss å ta vare på oss sjølve. Ein livsvarig ballast vart gode venskap, samt dei mange minna frå det sosiale miljøet blant dei som budde på eitt rom utan kjøkken og bad.