I forlenginga av musikken

28.12.2020

«Stillheten er ikke musikkens negasjon, men dens forlengelse». Det skriv Henrik Marstal i ei bok om den estiske komponisten Arvo Pärt.

Den som lyttar til Pärt vil forstå kva Marstal meiner. Musikken er minimalistisk og dempa - med pausar som viktige og effektfulle element.

Ofte er det fåmælte menneske som har mest å melde. Slik er det også i musikken. Arvo Pärt mestrar denne kunsten til fulle. Andre minimalistar, som John Cage, Terry Riley, Henryk Gorecki, John Tavener og Steve Reich, stiller i samme klasse.

I komposisjonen 4'33'' har John Cage dratt minimalismen heilt ut til den ytterste grensa. 4'33'' er nemleg et verk der det ikkje blir spela ein einaste tone. Wikipedia beskriv lyttaropplevinga slik: «Dermed er det alt det andre av lyder på stedet der stykket blir framført som utgjør musikken. Fullstendig stillhet blir det aldri. Den stille undring og de tilfeldige lydene som oppstår på spillestedet er ment å være selve opplevelsen.»

Sært? Sjølvsagt. Ja, kanskje kan denne forma for kunst til og med verke provoserande. Men du kan jo prøve sjølv, og sjå hva du får ut av 4'33''. Det er berre å gå inn på Youtube. Der finst det snuttar kor komposisjonen blir framført med fullt orkester.

For meg er 4'33'', som eg har spela under skrivinga av denne epistelen, først og fremst ei påminning om at stillheit er ein undervurdert verdi. Stillheita er sunn og ufarleg, berre vi tør å sleppe ho innpå oss.

John Cage brukar fire og et halvt minutt på å fortelje noko viktig.

Lydkutt: John Cage: 4'33" (For Orchestra and Soloist)