Idrettsdagar utan barneidrettsreglar

28.09.2022

I dag set barneidrettsreglane klåre grenser for rangering og bruk av resultatlister. Slik var det ikkje før i tida. I Tidens Krav for 27. september 1967 finn vi resultatlista for idrettsdagen ved skulane i Surnadal. I praksis meiner eg at det betydde Øye og Mo.

Eg hugsar godt desse idrettsdagane. Eg var blant dei som gledde meg. Men det var det langt frå alle som gjorde. For dei som ikkje greidde å hevde seg i idrett, kunne barneskulen på denne tida vere ein ubarmhjertig arena. Dei flinke vart løfta fram. Korleis taparane hadde det, var det ingen som tenkte på.

Besøk frå Mo skule sette ein ekstra spiss på det heile. Det vart konkurrert i greinene 60 meter, høgde, lengde, stor ball og liten ball.

I min årsklasse var Idar Anton Johansen heilt suveren. Med tre førsteplassar og to andreplassar var han i ein eigen divisjon i samandraget. Sjølv var eg elendig i kast, og ikkje av dei raskaste. Eg fekk notert 10,2 på 60 meter. Det heldt til 10. plass, ni tidelar bak vinnaren. I lengde gjekk det betre, med fjerdeplass og eit lengstehopp på 3,42 meter. I høgde klarte eg andreplass, med 1,10 meter som resultat.

For 5. klasse vart resultatet samanlagt slik:
1. Idar Anton Johansen
2. Johan Glærum
3. Peder Naustbakk
4. Leif Fiske
5. Martin Honnstad
6. Inge Moen
7. Lars Steinar Ansnes
8. Anders Dalsegg
9. Ole Ingar Strand
10. Odd Magne Gulla