Imponerande å sjå på, men dette er ei flytande miljøbombe

16.08.2022

Mange cruisebåtar har passert Bud i sommar. Måndag kveld denne veka kunne vi nyte synet av Celebrity Apex, som med si lengde på 306 meter er det største skipet på Buadjupet så langt i år.

Monsteret flaut majestisk forbi i den blågrå skyminga, med kurs for Ålesund. Celebrity Apex tek 3.405 passasjerar, og har eit mannskap på 1.320. Båten har 14 passasjerdekk.

Som den landkrabben eg er, tykkjer eg desse cruiseskipa er flotte å sjå på. Samtidig framkallar dei ein viss bismak i munnen. Dette er verkeleg flytande miljøbomber. Vestlandsforskning la i 2017 fram tal som viste at cruisenæringa hadde eit samla forbruk av drivstoff på 170 millionar tonn - 170 milliardar kilo - i norske farvatn. Til samanlikning brukar Hurtigruten mindre enn halvparten gjennom eit heilt år.

Ein artikkel på nrk.no frå 2019 fortalde at det største cruiseigarlaget i verda, Carnival, i 2017 var ansvarleg for ti gonger så mykje utslepp av svoveldioksid i Europa som alle dei 260 millionar bilane i verdsdelen.

Det er nestan absurde tal, som viser at cruisenæringa i noverande form ikkje er berekraftig. Noko må gjerast. Mange miljøtiltak er da også på gang. Så får vi sjå om dei hjelper. Uansett korleis ein snur og vender på, krevst det uhorveleg med energi for å halde desse mastodontane i gang.

(Klikk på bilda under for å sjå dei i fullt format).