Ingen suksess for surnadalsordføraren i Volda

23.02.2022

Det er ikkje så enkelt å bli profet i eige land. Surnadalsordførar Ola Dønheim fekk erfare at det heller ikkje var lett for ein nordmøring å bli profet på Sunnmøre.

Vi slår opp i eit stort møtereferat i Volda-avisa Møre for 1. april 1930, der avisa nokså nøye og kritisk saumfer to foredrag som har vore halde i bygda. Det eine er ved Olav Bryn frå Noregs Bondelag, og det andre altså ved ordførar Dønheim.

Bryn kjem klart best ut av dei to: Han er ein ung, energisk mann og ein intelligent talar. Foredaget var vel uppbygt og fyndigt lagt.

Dønheim sitt foredrag stiller avisa seg langt meir negativ til: Det var agitatorisk vinstreforedrag. Sjølv sa talaren at han vistnok var for lite agitatorisk. Me tykte han var for mykje agitatorisk. Hadde han havt mindre av det, hadde han gjort det betre. For det var det agitatoriske han ikkje greidde. Det skal kløkt og tame til å leggje eit agitatorisk foredrag an so det fengjer. Og Ola Dønheim treng tydeleg arbeide um og arbeide um gong på gong talen sin før han finn ei form som kan virke til sitt fyremål.

Artikkelen ber preg av at referenten er ueining i alt Dønheim seier. På slutten kjem det likevel eit forsonande avsnltt: Uheppen som han etter vårt tykkje soleis var i mangt, var der og mykje sant og godt i det han sa, som vonleg virka betre til fyremålet. Og hans flytande velklingnde Surnamål var ein fryd å høyre.

Journalisten er uroa den manglande interessa for foredraga, som vart haldne laurdag og søndag: Det er vedkjømeleg å sjå kor lita interesse bygdefolket syner for politisk orientering. I Volda var no tvo talarar, ein laurdag som tala spesielt bonden si sak, og ein sundag, som heldt vinstreforedrag. Men båe hadde berre knapt halvt hus. Båe hadde reist i lenger tid på Sunnmøre, og hadde ord på seg for å vere dugande talarar. Men i det store sentrum Volda møter ei 100 mennesker. Er det den sjølvgode likesæla, som råder?

Avisa Møre er i dag den eldste lokalavisa i drift i Norge, og den nest eldste etter Adresseavisen på landsbasis. Det første nummeret kom ut 3. januar 1903. Grunnleggar var Maurits Aarflot. Møre er den dag i dag i familien Aarflot sitt eige, og er slik ei av dei få lokalavisene i landet som ikkje har hamna under paraplyen til eit av dei store mediekonserna. Redaktør i 2022 er Tore Aarflot.

Venstremannen som var ute på foredragsturne, Ola Dønheim, var ordførar i Surnada i nær 20 år. Han vart første gong valt i 1919. I åra 1937-1945 sat Dønheim på Stortinget.