Ingenting kan bli like gjevt som Innsbruck-OL i 1964

29.01.2022

Med unntak av Torino-OL i 2006, da eg var i Asia og fekk med meg lite, har eg stort sett slukt alle TV-sendingar frå vinter-OL sidan 1964.

Dei olympiske leikane i Innsbruck, som vart opna 29. januar 1964, var det første vinter-OL med direkte overføringar på norsk fjernsyn. I Utigard Kvennbø hadde vi TV-apparat. For ein gutunge var det stor stas og mange inntrykk å fordøye.

Som over gjennomsnittet sportsinteressert har eg mange OL-minne å sjå tilbake på. Men Innsbruck 1964 har alltid stått i ei særstilling. Eg kan den dag i dag ramse opp ein stor del av vinnarane, i fleire øvingar samtlege medaljevinnarar, utan å måtte ty til oppslagsverk. I tillegg til å sjå på fjernsyn, saumfor eg og bror min alle aviser og blad på jakt etter bilde av OL-heltane. Desse vart lima inn i bøker og på kartong. Det bidrog nok også til at det som skjedde i Innsbruck vart sittande så sterkt i minnet.

Før 1964, da eg fylte åtte år like etter at leikane var avslutta, visste eg lite om kva eit OL var. Det var mykje spennande å sjå. Opningsseremoni og innmarsj var store greier. I ei tid der det kunne gå mange veker mellom sportssendingane på TV, var det plutseleg ski og skøyter å sjå kvar dag. Det var verkeleg noko heilt nytt! Vi vart kjent med ei mengd utanlandske utøvarar, som vi aldri hadde høyrt om før. For ei tid!

Ukjente idrettsgreiner dukka også opp. Aking tykte vi var merkelege greier. Vi var gode til å renne på kjelke i bakken bak fjøset, men vart overraska over at dei dreiv med slikt i OL.

Det eg hugsar aller best frå Innsbruck i 1964, er nok storbakkerennet i Berg Isel. Toralf Engan vann, med Veikko Kankkonen på andreplass og Torgeir Brandtzæg på tredje. Og det store spørsmålet var altså: Var Kankkonen nedi med handa i det andre hoppet, eller var han ikkje? Dommarane var i tvil. Finnen vart trekt ein del i stil - nok til å sikre seieren til Engan, men for lite til at Brandtzæg kunne få sølvet.

Stua i Utigard var full av folk som ville sjå rennet denne søndagen. Tidleg i 1964 var det enno langt mellom TV-apparata.

Norge tok tre gull under OL i 1964. I tillegg til Toralf Engan sikra Tormod Knutsen gullet i kombinert, og Knut Johannesen vann 5000 meter skøyter. Norge tok tredobbelt på denne distansen. Per Ivar Moe fekk sølv, og Fred Anton Maier bronse.

OL i 1964 var dei niande vinterleikane i rekka, og dei første med over tusen deltakarar. For 58 år sidan vart vi djupt imponert over det vi såg. Sidan har utviklinga gått sin gang. OL, både sommar og vinter, er i dag gigantarrangement som på alle vis har kome ut av alle fornuftige proporsjonar. Bak den idrettslege fasaden handlar spelet om storpolitikk og pengar - truleg også ispedd store dosar med korrupsjon. Prislappen på vinter-OL i Sotsji 2014 var på nesten 400 milliardar norske kroner. Det tilsvarar meir enn 25 prosent av det norske statsbudsjettet.

Eit nytt OL er like om hjørnet. Det store spenningsmomentet akkurat no er kor mange som slepp unna koronaviruset og får stille til start. Vi får håpe det beste, og tru at det blir store dagar med TV-overføringar frå Beijing.

Men så gjevt som det vi opplevde i 1964, det blir det aldri.

Toralf Engan i elegant svev i Berg Isel-bakken, der han sikra seg gullet. Dette bildet hadde mange norske aviser på førstesida måndag 10. januar 1964.
Toralf Engan i elegant svev i Berg Isel-bakken, der han sikra seg gullet. Dette bildet hadde mange norske aviser på førstesida måndag 10. januar 1964.