«Jeg har sett noe som var hvitere enn vingene dine, Gabriel!»
Ei enkelt plante er ikkje så fin i seg sjølv. Men i store mengder, slik ho oftast opptrer, er myrulla ein pryd for auget.
Desse bilda tok eg oppe i Dompene på tur til Tæla ein søndag 26. juni 2016. Det var eit retteleg myrullår. Fyrulla farga landskapet kvitt både nede på myrene og oppe på Tæla.
Myrulla er ei planteslekt i starrfamilien, og består av fleirårige myrplanter. Ifølge Store norske leksikon finst det om lag tjue artar av myrulla. I Norge har vi sju, samt ein hybridart. Desse er:
- Duskmyrull, med fleire stilka aks.
- Breimyrull, som liknar på den over, men har kortare og breiare blad og veks på kalkhaldig grunn.
- Torvmyrull, som berre har eitt aks.
- Gulmyrull, som minner om torvmyrull, men er mindre og har svakt gulfarga ullhår.
- Snømyrull, som også har eitt aks og som er vanleg i fjellet.
- Brannmyrull, som har eitt aks med gulraud ull.
- Vrangmyrull, som blir danna ved kryssing av snømyrull og brannmyrull.
- Småmyrull, som er ein sjeldan art i Norge.
I tillegg til desse finst svalbardmyrull på Svalbard. Dette er også ein hybridart.
Myrulla inspirerte meg til å ta bilde. Så har myrulla også inspirert diktarar til å forme fine vers. tek med eit par dikt av meisteren Hans Børli.
Myrulla på lomtjønnene
Skulle jeg, mot formodning,
bli salig
og komme i de saliges boliger,
da skal jeg si til erkeengelen:
- Jeg har sett noe
som var hvitere enn vingene dine, Gabriel!
Jeg har sett myrulla blømme
på Lomtjennmyrene
heime på jorda.
Sjølv er eg i den heldige situasjon at eg ser ei av dei mange Lomtjønnene som finst i den norske naturen kvar gong eg går opp til hytta. Skulle eg vere så heldig at eg får møte Gabriel, veit eg altså kva eg skal seie. Min gode venn Erling er heller ikkje å verst stilt. Frå setra hans og opp til den same Lomtjønna er det berre nokre hundre meter.
Sus i myrull
Livet er ikke alltid
et hesblesende kappløp med døden.
Livet er ikke bare
titusen strevsomme steg
mot små mål.
Nei, livet er rikt nok til
å være bare sus i myrull -
Livet er rikt nok til
å glemme timene og brødet
og døden.
Men alle disse flittige -
med lønningsposer og armbåndsur
og spisestue i lys bjørk ...?
De er så gjerrige på minuttene.
Ropet fra hjertene drukner
i larmen av stempler og stål.
Men myrull suser i sønnavind
den enkle sangen
som hjertene minnes i maskinhallene.
Og ensomme fugler
seiler i sol,
seiler i sol og skriker - -