Ei jervhistorie frå Åsskard

04.11.2021

Eit Tidens Krav-klipp frå 4. november 1961 viser at rovdyrangrep på sau kunne skje på den tida, også. Men vanleg var det ikkje.

Eg vaks opp i eit område der så å seie kvart eit bruk hadde nokre sauer. Tapstala på den tida var minimale. Når sauer ikkje overlevde sommarbeitet i fjellet, var det som oftast på grunn av sjukdom, eller at lamma ikkje greide ut med overgangen frå det trygge fjøset til livet i utmarka.

Men det fanst altså unntak. Som ein ser av denne epistelen i Tidens Krav, var det sterk mistanke om at jerv hadde vore på ferde i Åsskard for seksti år sidan. Vi kan legge merke til at avisa ikke skriv «rovdyr», men «udyr».

Seinare skulle veksten i jervbestanden føre til store tap for sauebøndene på våre trakter. Andre stader gjorde etter kvart bjørn og ulv sin entre i beiteområda. Resultatet vart at mange ga opp sauehaldet - og vi har fått ein betent og splittande rovdyrdebatt på kjøpet.