Alle Jethro Tull-låtar si mor?

08.10.2021

Er «For a Thousand Mothers» alle Jethro Tull-låtar si mor? Eg stiller ikkje spørsmålet for å lage eit heller dårleg ordspel, men fordi dette avslutningskuttet på albumet «Stand Up» frå 1969 i mine øyrer ber noko i seg som kan kallast eit minste felles multiplum for alt det som skulle bli gruppa sitt musikalske univers: Ein rocka melodi med jazzinspirert rytme, Ian Anderson sitt aggressive fløytespel og Martin Barre med ein gitartone som berre var hans. Oppsummert blir dette for meg Jethro Tull.

Når eg skriv denne epistelen, har eg nettopp spelt igjennom heile «Stand Up». Albumet er, som alle Tull-kjennarar vil vite, gruppa sitt andre. Frå debutplata «This Was» (1968), har Martin Barre tatt over som gitarist etter den langt meir bluesinspirerte Mick Abrahams. Kanskje er dette den viktigaste endringa i mannskap som Jethro Tull nokon gong gjorde. Hadde Abrahams vorte med vidare, ville vi ha fått eit heilt anna band enn det som i nokre år framover skulle kome til å levere klassiske album på løpande band.

Jethro Tull har gitt ut over 20 studioalbum. Det er ein imponerande katalog. Etter mitt syn var gruppa, som så mange andre som driv på i tiår etter tiår, likevel best i starten. Forutan «This Was» og «Stand Up», er mine favorittalbum «Benefit» (1970), «Aqualung» (1971), «Thick as a Brick» (1972) og samleplata «Living in the Past» (1972). Av desse set eg «Benefit» aller høgast.

Så får eg ile til og seie at dei nemnte platene er den verkelege kremen. Opp gjennom åra har eg også høyrt mykje på «Minstrel in the Gallery» (1975), «Too Old to Rock 'n' Roll: Too Young to Die!» (1976», «Songs from the Wood» (1977) og «Heavy Horses» (1978». Litt tilfeldig kom eg over nyleg «Rock Island» frå 1989. Den var overraskande bra.

1. mai 1994 var eg så heldig å få oppleve Jethro Tull live i Olavshallen i Trondheim. Eg trudde at gruppa var utdatert og «mett av dage». Men der tok eg feil, sjølv om Ian Andersen fleire gongar presiserte at «we are very old». Å få åpningsnummeret «My Sunday Feeling» i fleisen var nesten som eit sjokk. Jethro Tull anno 1994 var ikkje ein gjeng med slitne rockarar, men eit fyrverkeri. Ein heilt fenomenal konsert!

Ian Anderson sleit litt med stemma, og spelte derfor ekstra mykje fløyte. Det var heilt i orden. Ute på den eine sida av scenen vart det plassert ein salong. Hit vart folk frå salen inviterte til ein kaffekopp og prat med Ian Anderson medan Marin Barre spelte gitarsolo. Eg har verken før eller sidan opplevd noko liknande.

Men tilbake til «For a Thousand Mothers». Eg har ikkje klart å skrive melodien ut av skolten. Den surrar og går, oppatt og oppatt. Så heilt klart, det er noko med denne låta. Eit eller anna udefinerbart, som gjer at ein kan seie: Det var her Jethro Tull begynte.

Du kan høyre «For a Thousand Mothers» her.