Jonas har grunn til å føle seg lurt

09.04.2022

Same dag som Nationen og Klassekampen publiserer ei måling der Høgre er like stort som Ap og Sp til saman, går forvarsminister Odd Roger Enoksen av som følge av ein svært upassande relasjon til ei ung kvinne på 2000-talet. Enoksen var da 50 gammal, ho berre 18. Ulykker kjem sjeldan åleine.

Ingen statsminister etter krigen har starta si regjeringstid i slike motbakkar som det Jonas Gahr Støre opplever. Velgarane har på rekordtid vendt regjeringa ryggen. I tillegg har to sentrala statsrådar no gått av i vanære i løpet av det første halvåret.

Eg anar ikkje korleis Jonas Gahr Støre har det om dagen. Hadde eg vore han, ville eg ha følt meg kraftig lurt. Verken Hadia Tajik eller Odd Roger Enoksen var ærlege under bakgrunnssjekken før dei vart statsrådar. At det ikkje ringte ei bjølle for Hadia Tajik når ho såg korleis det gjekk med m.a. Kjell Ingolf Ropstad, er uforståeleg. Det må vere lov å spekulere på om ikkje den fallerte Ap-stjerna med overlegg heldt avgjerande informasjon tilbake.

Odd Roger Enoksen innrømte utruskap under den såkalla vettinga før han vart minister. Men han gjekk ikkje i detalj. Det burde han ha gjort. Eller rettare sagt: Det er ubegripeleg at han tok sjansen på å la vere, i og med at kvinna han hadde hatt ein relasjon til sat med heile hans statsrådkarriere og rykte i si hand. Hadde Enoksen og Tajik lagt alle kort på bordet, ville ingen av dei ha vorte statsrådar i Jonas Gahr Støre si regjering.

Er det slutt no? Eller finst det fleire lik i regjeringsskapet? Tida vil vise. To av dei framleis sittande Sp-statsrådane i regjeringa, Ola Borten Moe og Bjørn Arild Gram, var med på hytteturen, der det vart sendt ei tekstmelding med grovt seksuelt innhald til Liv Signe Navarsete. Ingen av dei som utgjorde det prominente Sp-selskapet på hytta - kun menn, sjølvsagt - har så langt innrømt å vere den som sendte meldinga.

Eg tippar at verken Borten Moe eller Gram blir ny forsvarsminister. Det kan derimot Navarsete bli. Men da må ho, som Nationen sin kommentator Hans Bårdsgård påpeikar, tåle å sitte ved Kongens bord saman med to som heilt sikkert veit kven det var som trykte på send-knappen på telefonen. Kor sensitivt og problematisk er dette?

Kommentatoren konkluderer slik: «Den som er seksuelt trakassert må kunne tilbys politisk makt. Å la metoo tale mot metoo-ofre er ikke gangbart i 2022».