Jostein Dønnem til minne

24.09.2022
Colonial midt på 70-talet. Frå v. Lars Fiske (som også har gått ut av tida), Ole Magne Ansnes, Helge Nilsen Wesche og Jostein Dønnem. Fotoeigar: Plekterfesten.no.
Colonial midt på 70-talet. Frå v. Lars Fiske (som også har gått ut av tida), Ole Magne Ansnes, Helge Nilsen Wesche og Jostein Dønnem. Fotoeigar: Plekterfesten.no.

Dødsbodskapen kom ikkje heilt uventa. Eg visste at Jostein hadde vore sjuk ei stund. Likevel er det rart å tenke på at han no er borte. Jostein og eg var vener i meir enn 45 år.

Vi vart kjent gjennom bandet Colonial midt på 70-talet, der Jostein var ein av medlemmane. Eg var med som sjåfør, rådgjevar og altmulegmann. Colonial farta rundt med ein Taunus varebil 1959-modell. Det vart mange artige turar, sjølv om bilen ikkje alltid var like samarbeidsvillig.

Jostein brann for musikken, og vart spelemann så lenge han levde. Når eg i dag kan konstatere at musikk også for meg vart ei livslang interesse, ligg mykje av årsaken til dette i det miljøet som vaks fram rundt Colonial, seinare omdøypt til Orpheus. Vi høyrde på musikk, kjøpte musikk, tok opp musikk frå radioen, diskuterte musikk og lærte av kvarandre. Eg minnest kveldane og nettene saman med Jostein, Ole Magne, Bjarne og Helge ved stereoanlegget i Utigard Kvennbø, der vi lytta og utforska upløygd musikalsk mark. Det var eit fellesskap som ga grobotn for godt kameratskap.

Ei anna kjært minne frå denne tida er den gjestfridomen som foreldra til Jostein, Gunnvor og Olaf, møtte oss ungdommane med. Vi var alltid velkomne, uansett tid på døgnet. Det er slikt ein aldri gløymer.

Ein spesiell episode kan stå som eit bilde på den rause og romslege atmosfæren som rådde i heimen til Jostein. Colonial hadde øvingane sine i Sagatun. Men ein øvingskveld var huset opptatt. Kva gjorde vi da? Til helga venta ein ny spelejobb. Gunnvor løyste problemet. Ho inviterte gruppa til å øve heime i stua hennar. Olaf var borte på arbeid. Vi henta utstyret i Sagatun, og fylte opp det ikkje så veldig store rommet med instrument, forsterkarar og høgtalarar. Etter kvart dundra rockemusikken gjennom huset.

Kvar Gunnvor gjorde av seg? Ho sat midt i rabalderet med handarbeidet sitt, samtidig som ho passa på at alle hadde kaffe og noko å bite i.

Frå 1979 til 1982 var eg og Jostein arbeidskollegar i avisa Indre Nordmør. Det var ei tid prega av lange dagar og uregelmessig arbeidstid. Jostein var ikkje den som sparte seg. Etter å ha starta dagen med ein røyk og ein kopp oppvarma traktekaffe frå kvelden før, gjekk han laus på oppdraga som venta. Klokka brydde han seg ikkje om. Alt handla om å rekke deadline til neste avis.

Ein periode først på 80-talet var vi naboar i Grytåfeltet. Da Jostein gifta seg med si Anne Sofie, hadde eg æra av å vere forlovaren hans.

I 1982 flytta eg frå Surnadal. Kontakten mellom oss vart i ein periode meir sporadisk. I dei seinare åra har vi ofte kommunisert via Facebook. Etter at Jostein vart sjuk, heldt vi jamn kontakt gjennom Messenger-meldingar.

26. april 2020 sendte han meg melding om at han hadde fått ein alvorleg diagnose. Han var optimistisk og offensiv. 9. august i år hadde vi kontakt for siste gong. «Takk for omtanken min gode venn, vi har mange gode minner å leve på», var det siste han skreiv til meg.

Ja, vi har minna. Ei mager trøyst så kort tid etter dødsfallet. Men for all framtid ein verdfull ballast, som etter kvart skal bidra til å gje det meiningslause ei form for meining.

Jostein var heil ved og ein ekte kamerat. Eg vil hugse han som eit godt medmenneske, ein som hadde tid til å lytte og som brydde seg. Det vil ta tid å venne seg til at han ikkje lenger er blant oss.

Fred over minnet, og kondolerer til familien.

Lars Steinar