«Jul på Nordmøre» på veg ut i butikkane

15.11.2021

Da er ei ny utgåve «Jul på Nordmøre», årgang 86, på veg ut i butikkane. Etter pakkedugnaden på Møst ungdomshus måndag 15. november, vil det ikkje ta så mange dagane før heftet står i hyllene til våre mange trufaste forhandlarar. Også ein del av lokallaga som er tilknytta Nordmøre og Romsdal ungdomslag vil drive sal av heftet.

Skribentlista innheld som vanleg ei blanding av gamle og nye namn. Bergljot Hals står også i år for framsideillustrasjonen. Mediahuset på Sunndalsøra har som vanleg levert frå øvste hylle når det gjeld det grafiske. Ingen over, ingen ved sida!

Eg håpar og trur at det skal finnast noko for ein kvar smak mellom permane, slik at heftet bidreg til å skape trivsel og god stemning i advent- og juletida. Prisen er auka til 150 kroner. Kostnadane stig, dermed må også utsalsprisen justerast frå tid til anna. Samanliknar du med andre julehefte, vil du sjå at «Jul på Nordmøre» framleis ligg i det nedste prissjiktet.

I skriftstyret har eg hatt med meg Reidunn Halle frå Surnadal og Karin Ormostad frå Kristiansund. Vi har ei grei og effektiv arbeidsdeling. Eg tek meg i hovudsak av det redaksjonelle, medan dei sørger for annonsesalet. Ein stor takk frå meg til Reidunn og Karin for godt samarbeid. De er to arbeidsjarn!

På vegne av skriftstyret vil eg også rette ein takk til alle skribentar og annonsørar som har bidratt i årets hefte.