«Highway Star» var eit sjokk: Jubileum for Deep Purple-bauta

25.03.2022

Deep Purple har halde det gåande i 54 år. 25. mars 2022 kan vi feire femtiårsdagen for lanseringa av «Machine Head», gruppa sitt sjette studioalbum.

I den etter kvart rikhaldige Deep Purple-katalogen, ragar «Machine Head» den dag i dag høgast. Plata er ein bauta. Eit minnesmerke over ei tid, da kreative og langhåra rockarar med eit avslappa forhold til rusmiddel sprengte grenser og skapte musikk for evigheita.

Eg var seksten år i 1972, og kjøpte plata saman med bror min rett etter at ho kom ut. Før handelen hadde vi høyrt åpningssporet «Highway Star» på radio. Det var ei sjokkoppleving, som gjorde behovet for å få tak i «Machine Head» nærast akutt. Heldigvis hadde dei plata på samvirkelaget på Skei.

Eg har eksemplaret frå våren 1972 ståande i hylla den dag i dag. Plata har alltid vore behandla som skjørt porselen, og spelar derfor framleis som ny. Og denne LP'en har verkeleg snurra mange gonger under stiften. Du store mi tid for alle andaktsstunder med intens lytting og finstudering av cover.

«Machine Head» var innspela av den legendariske Mark II-besetninga med Ian Gillan, Jon Lord, Richie Blackmore, Roger Glover og Ian Paice. Deep Purple i andre variantar har også laga storarta musikk. Men ingen kan etter mi meining måle seg med Mark II, som heldt saman i perioden 1969-1973. Dei ga ut «Concerto for Group and Orchestra» (1969), «In Rock» (1970), «Fireball» (1971), «Machine Head» (1972), «Made in Japan» (1972) og «Who Do We Think We Are» (1973). Ei knallsterk rekke med rockehistorie.

Nokre platekjøp knyttar det seg ekstra mange minne og assosiasjonar til. Når eg no tek fram «Machine Head» og brettar ut det ikoniske coveret, er eg tilbake til våren 1972. Det er rare greier. Ikkje visste eg da at «Machine Head» skulle bli ein del av mitt livs soundtrack.

Men slik vart det.