Jubileum for IL Framtid og byggestart på Syltøran

25.08.2021

Det vart publisert ei sak om dette på Vebju for kort tid sidan. Men ein glipp gjorde at mykje av innhaldet ikkje vart med.

Denne gongen tek vi derfor med heile sida til Tidens Krav frå 24. august 1961, der ERB, som vel må vere Erik Brøske, har ein brei omtale av den store utbygginga som skjedde på Syltøran i samband med IL Framtid sitt 50-årsjubileum.

På same sida kan du også lese ein artikkel om anna stor byggeaktivitet i Surnadal. I Sunndal var det skulestart, og i Valsøyfjord begynte ein så vidt å snakke om brusamband over Valsøya.

For å kunne lese innhaldet, må du klikke på bildet to gonger. Deretter kan du flytte rundt på sida for å lese artiklane.