19. januar - eit jubileum og grunn til håp

19.01.2021

Det er stille formiddag i Robinsonmarka 26. Eg har som vanleg huset for meg sjølv, og trøyer tida med det som i 43 år var yrket mitt: Å skrive. Skomakaren har grodd fast ved lesten sin.

Eg måtte dra ned persienna. Sola er på veg inn i arbeidsrommet mitt, og eg får ho rett i fleisen. Behageleg for så vidt, da solstrålande ber bod om lysare tider. Men skriving i motlys går ikkje. Slik er det berre.

19. januar 2021. Det er fleire ting å feire. På denne dagen for 40 år sidan vart eg far for andre gong. Gratulerer, Eirik, eg er stolt av deg!

Mindre stolt er eg av president Donald Trump, som har siste arbeidsdagen sin i dag. Med rekordlåg oppslutning i folket går han av i vanære. At USA no igjen får ein statsmann ved roret, gjev grunn til håp og framtidstru.

Så er eg spent på innsettinga i morgon. Vi får tru det går går bra. Framferda til avtroppande president har ført til at Washington i forkant av seremonien er omgjort til ei krigssone. Det er rett og slett utriveleg.

I denne endelause rekka av flotte vinterdagar, planlegg eg ein trimtur til Nordneset utanfor Farstad. Blant mange goder her i Hustadvika kommune, er turstiane. Ute på Nordneset kjem du heilt innpå storhavet. Ein mektig plass.

Så la det vere sagt: Den kyststien vi har her i Bud er og blir den finaste!