Jubileumsboka for Ranes og Øye kyrkjer: Lokalhistorie på sitt beste

01.10.2021

Da eg møtte i Ranes kyrkje som 50-årskonfirmant nyleg, fekk eg ei flott gåve av soknerådet: Bernt Bøe si bok om Øye og Ranes kyrkjer i Surnadal. Boka markerer 150-årsjubileet til begge kyrkjene. Ranes kyrkje vart bygd i 1869 og Øye kyrkje i 1871.

Trur du kanskje at dette ikkje er ei bok for deg? At kyrkjehistorie er noko fjernt og kjedeleg, berre berekna på «spesielt interesserte»? Da vil eg seie: Om du begynner å bla i denne boka, er sjansen for at du endrar oppfatning veldig stor.

Dette er ikkje berre ei historie om to kyrkjer. Boka er også i stor grad lokalhistorie i ordets vidaste forstand. Bernt Bøe har skrive ei bok som femnar vidt, og som set kyrkja inn i ein brei samanheng. Her kan du lese om musikklivet som er knytta til kyrkja, prestegardane, bedehusa, søndagsskulane og mykje meir.

Ein stor styrke med boka er det rike og svært interessante bildetilfanget. Eg rekna raskt opp meir enn 200 bilde og illustrasjonar. Bilda er både frå gammal og nyare tid. Mange surnadalingar vil finne bilde av seg sjølv i denne boka, som er på 174 lettlesne sider. Ei lokalhistorisk praktbok. Rett og slett!

Boka om Ranes og Øye kyrkjer kan du kjøpe på ARK bokhandel Surnadal, Coop Mega Surnadal, Kyrkjelydshuset og i resepsjonen på Svorka. Prisen er 300 kroner.