Den siste juleveka i gang

11.01.2021

Kalenderen viser 11. januar. Det er 18. dag jul - og enden på høgtida er to dagar unna. 20. dag er det slutt, og julepynten blir pakka ned også i Robinsonmarka 26.

I dag vakna vi til det finaste vinterlandskap som tenkast kan her i Bud. Eit tynt lag av nysnø har lagt seg over været, og det er tilløp til vebju i skogen. Retteleg julestemning! Vi får nyte gleda så lenge ho varer. Snøen er ryr (udryg), som det heiter på mi dialekt, her ute ved havet.

Broderiet på bildet, ei gåve frå farmor mi da ho var midt i 80-åra, er for meg det aller sterkaste uttrykket for jul i stua. Når det kjem på veggen kan høgtida kome. Og den dagen vi tek det ned, da er det definitivt slutt.

Dette nissemotivet, som eg også er vaksen opp med, påkallar mange gode minner og gir ei triveleg stemning. Derfor skal det få henge, så lenge primstaven tillet.

I dag er det for øvrig Brettemesse, i si tid ei norsk og islandsk kyrkjehøgtid, som vart feira 11. januar til minne om helgenen Brettiva eller Brictiva (latin).