Kakelinna, folketru og meteorologi

12.12.2021

Kakelinna kom i år også. På denne tredje søndagen i advent feiar mildveret over Bud.

I dag tvilar dei færraste på at klimaendringane er menneskeskapte. I folketrua var det ei vanleg oppfatning at den så å seie årvisse mildversperioden før jul, kakelinna, kom som eit resultat av fyringa i bakaromnane. Varmast var det på slutten av julestria, da baksten hadde pågått lenge.

Artikkelen frå Dagbladet viser at veret var avisstoff også i gamle dagar. Journalisten vil kome til botns i spørsmåla rundt fenomenet kakelinna, og tek ein telefon til meteorologen for at «faa høre hvilke erfaringer man der hadde gjort med hensyn til den aldrig svigtende kakelinna».

Fornøyeleg lesnad! Så er det kanskje litt ironi inne i bildet? Ikkje så godt å vite. Det var ikkje mykje rom for humor og ironi i avisene på denne tida.

Det høyrer med til historia at kakelinna, sjølv om begrepet har sitt opphav i folketrua, er eit statistisk påvist fenomen. Grafane til Meteorolgisk institutt fortel at det svært ofte kjem ein periode med mild luft i desember.

Frå eigen oppvekst hugsar et at mildver i desember var svært lite velkome. Ofte var det kome såpass med snø at både langrennsløypene rundt ekrene og hoppbakken bak fjøset var ferdigpreparert. Varmegrader og regn truga skiføret. Småkarar som gjekk på ski kvar dag frå slutten av november til april, aksepterte berre ein type ver: Kuldegrader og snø.

Kakelinna er også kalla lefsetøvêret lefsetøyra eller bryggjardøgri. Ordet vart registrert av Ivar Aasen i Norsk Ordbog frå 1873.