Einaste surnadaling til NM-start

14.01.2022

30 år gammel stilte Kjell Kvendbø som Surnadal IL sin einaste deltakar under ski-NM i Surnadal 1976. Kvendbø hadde mange år som langrennsløpar bak seg. Meisterskapet i Surnadal var likevel hans første NM-start på ti år.

Som vi ser av intervjuet i Tidens Krav, hadde ikkje østbødalingen store forhåpningar om ei god plassering. Men han sørga for at arrangørklubben var representert. Ikkje dårleg, berre det!