Kjønnsnøytral historieløyse

18.02.2021

Ord som har vore ein naturleg del av språket vårt i mange hundre år må bort, fordi dei ikkje er «kjønnsnøytrale» nok.

Østbødalingen Jenny Klinge, stortingskvinne (om det er lov å bruke eit slikt ord), set ord på galskapen i eit intervju med Nettavisen:

- Nå får vi faktisk ta en fot i bakken som samfunn. Det er et urovekkende tegn på et samfunn i forfall når det blir historieløst. Det er ikke riktig at vi skal kvitte oss med gode norske ord i en håpløs kjønnsnøytralitetstvang, seier Klinge.

Veldig klokt formulert.

No gjenstår det å sjå kor mykje av denne misforståtte språkrøkta som blir gjennomført. Men i jakta på kjønnsnøytrale titlar og nemningar, er det grunn til å vente seg litt av kvart. I utkastet til ny barnelov er «mor» og «far» fjerna. Mor har vorte til «fødeforelder».

Tittelen «lensmann» er tapt. No blir desse tenestemennene og -kvinnene truleg avdelingsleiarar. Kor ligg framsteget? Kva anna oppnår ein med slikt tull enn å kutte band til historia? Mann er den gammelnorske akkusativformen av maðr, som betydde «mann» eller «menneske». Det same har vi i engelsk.

Med uforstand skal historeløysa byggast!

Fylkesmannen, tidlegare amtmann, har vorte statsforvaltar. Grunngjevinga for denne endringa er like meiningslaus som for lensmann - det handlar altså om kjønnsnøytralitet. Samtidig ligg det akkurat her ei utilsikta oppside i skiftet. Folk har alltid hatt problem med å skilje fylkesmann og fylkesrådmann frå kvarandre. No blir det enklare å halde styr på at statsforvaltaren er den øvste leiaren for den statlege fylkesadministrasjonen, medan fylkesrådmannen, no fylkesdirektør, er sjef for den fylkeskommunale administrasjonen.

Siste utspel som følge av iveren etter å utradere ord med historisk forankring i språket kjem frå Språkrådet, som opnar for å fjerne «nordmann». Den trur eg ikkje går. Protestane er allereie massive. M.a. har kulturminister Abid Raja gått ut og avvist forslaget på det sterkaste.

Men berre det at nokon får seg til å tenke tanken - ja, det er heilt utruleg!