Klimaendringane tek knekken på breane våre

07.10.2021

Breane i Norge er på kraftig retur. Temperaturauken dei neste 100 åra kan føre til at svært mange norske brear rett og slett forsvinn.

- Sjølv om det kan bli ein auke i nedbøren, kan ikkje det kompensere for auka issmelting og kortare vintrar med snø. Snøsmeltinga vil halde fram med auka intensitet, slik at to tredelar av ismassane våre kan vere borte om 70-100 år, skriv NVE på si nettside.

Det eine bildet her tok eg på ein tur over Tæla hausten 2014. Aldri har eg sett breen som ligg under toppen av ytre Sula så liten som dette året. Det var faktisk berre blåisen, kanskje tusenvis av år gammal, att. No har breen lagt på seg litt igjen, på same måte som farten på bresmeltinga varierar frå år til år i den norske fjellheimen. Men det store bildet er ubønnhørleg: Breane våre kjem bort - om vi menneska ikkje greier å få kontroll på temperaturstigninga på jorda.

I 2004 var eg borte ved Supphellebreen i Fjærland, som er ein brearm frå Jostedalsbreen. I sommar var eg der igjen. Endringane som har skjedd i løpet av 17 år var skremande å sjå.

På Norsk Bremuseum si nettside kan ein lese at det i 2017 vart gjort funn av ein stor steinblokk, som vart brukt som fastmerke da frontposisjonsmålingar starta opp i 1899. Det var statsgeologen John Bernhard Rekstad (1852-1934) som oppretta dette merket for å måle avstanden til breen. Den gongen målte han 77 meter til brekanten. I dag ligg steinblokka litt over 400 meter frå breen, noko som betyr ein tilbakesmelting på over 300 meter sidan 1899.

NVE sine målingar viser at for eit utval på 30 brear, var gjennomsnittleg tilbakesmelting 572 meter, 12 meter per år, i perioden 1960-talet - 2018. Tal til ettertanke - i alle fall om ein er oppteken av framtida til kloden og etterkomarane våre.