Kom mai, du skjønne milde...

23.05.2022

Mai er ein lunefull månad. Vi trur på sol og varme, men opplever ofte noko heilt anna.

I Bud vart vi velsigna med godver 17. mai, og sanneleg gjorde ikkje vergudane det mogleg å kose seg med kaffekoppen og ei bok ute på terrassen i går.

Men elles? Her ute har det vore altfor mange dagar med dårleg temperatur og kald vind. Sykkelturen min sist fredag vart kortare enn planlagt - fordi eg ikkje hadde vottar på meg.

Opp gjennom åra har eg opplevd mykje dårleg ver i fjellet mai. I dag kom det opp eit minne på Facebook, som viser forholda på Tæla 23. mai 2015. Det minste bildet er tatt gjennom hytteglaset 23. mai 2010. Ikkje styggver, men som vi ser ligg snøen framleis nesten randheil borte i Fossafjellet. Det er for øvrig enda meir snø i området ved inngangen til den siste maiveka i år.

Christian Adolf Overbeck frå Lübeck i Tyskland skreiv teksta til Kom mai, du skjønne milde på 1700-talet. Oversettinga til norsk er gjort av D. Jæger. Ein av dei stor kanonane, Wolfgang Amadeus Mozart frå Salzburg i Østerrike, sette melodi til Overbeck sin tekst. Så dette er ikkje småtteri.

Kom mai, du skjønne milde er ein stemningsfull tekst, innpakka i ein vakker melodi. Men songen inneheld altså ingen sol og varme-garanti.