Konfirmantjubileum: Gråe hår, sjarmerande rynker og eitt og anna høyreapparatet

19.09.2021

Siste helga i august var eg i konfirmasjonen til Elias, den yngste av nevøane mine. To veker seinare deltok eg på 50-årsjubileum for oss som vart konfirmerte i 1971. Tida går, og perspektivet på livet endrar seg med åra.

Apropos perspektiv: Olav Karlsen var presten som konfirmerte oss. Vi opplevde vel han som ein nokså tilårskomen mann. Men i 1971 var han altså berre 63 år gammal...

Av dei 65 som vart konfirmerte i Øye og Ranes sokn i 1971, var vi 25 som 12. september møtte opp til gudsteneste i Ranes kyrkje. Etterpå var det kjøtt å påsse og sosialt samvær på Hammerstuene. Det vart ein overlag til dag. For eigen del trefte eg fleire som eg knapt har møtt sidan ungdomsskulen. Andre har eg hatt kontakt med opp gjennom åra.

Eg tykkjer det var ein staseleg gjeng som samla seg i kyrkjebenkane. Gråe hår, nokre sjarmerande rynker og eitt og anna høyreapparatet her og der - ja da. Men det høyrer med. Vi har halde oss godt. Den gylne 1956-årgangen kan dette med å eldast med stil!

Takk til alle for ein minnerik dag!